Kontakt:

Grete Solborg Fure
Tlf: +47 415 13 473
/+47 578 57 218
E-mail: gre-sf@online.no

Fotturar

Photo
Å gå på Stadthalvøya er ei fantastisk naturoppleving. Det er kort veg frå fjøre til fjell, himmel og hav i alle retningar. Likevel har ein høgfjellsterreng mange stader på høgdene, med eit nydeleg teppe av lyng og mose å vandre på. Sjøl om fjella ikkje er høge, er det dramatisk nok mange stader, der det stuper rett i havet som t.d. på Vestkapp.

Sidan Stadlandet ikkje var tildekt under siste istida,finn ein mange stader ein særmerkt vegetasjon. Vi har og ei landskapsform som er sjeldan i Norge, med klippekyst, natur –og kulturlandskapstypar som er sjeldne og høgt prioriterte nasjonalt og internasjonalt.
Havørna ser vi stadig oftare sveve majestetisk over oss,og er du heldig kan du møte ein flokk villgeiter t.d. på Furefjella.

Kulturlandskapet i eit område på sørsida av Stadt er utpeika som eit av 20 mest verdifulle i Norge.
Kjende kulturminne møter ein overalt. Dragseidet ,med bl.a. kristningsstad, Ervik med St.Svithun og krigsminne, dei finn du og på Storeneset og Vestkapp. Selje kloster har Norges best bevarte klosterruinar, og lange pilgrimstradisjonar.
I tillegg finn du flotte strender som innbyr til surfing, tur og badeliv. Små koselege tun som på Indre Fure, eller meir dramatisk som på Ytre Fure.

Ervik

Ervik er ei livskraftig bygd, med butikk og skule, og landet sitt største autolinerederi, Ervik Havfiske.
Jordbruk med spennande binæringar, surfing og nye tilflyttarar.
Her kan ein velje mellom fleire turalternativ. Start ved St.Svithunkapellet og den gamle kyrkjegarden som ligg vakkert og dramatisk til ved Erviksanden. Hovden, fin tur som passar dei fleste. Her var russisk krigsfangeleir under krigen, tur gjennom bunkersane som i dag også vert nytta til konsertar. Opp til offisershytta, der utsynet er fantastisk enten det stormar eller du opplever ein vakker solnedgang.Ved Kobbeholmen gjekk St.Svithun på grunn, og området rundt er kjend for å vere eit av dei farlegaste på norskekysten.Så her har forlisa vore mange og dramatiske.
Går du andre vegen kjem du til Loshylla, der du får høyre om losing i eldre tider.
Ein tur rundt Ervikvatnet er og å anbefale.
Photo
Dragseidet - Ervik.

Dragseidet - Hoddevikfjella

Photo
Hoddevik
Skal ein ta turen mellom Dragseidet og Ervik er det lurt å bruke dagen. Det er lett og fint terreng mesteparten av vegen, med den mjuke vegetasjonen som kjenneteiknar høgdene på Stadt. Det er og fint å gå delar av turen. T.d. frå Dragseidet til Vardeberget evt. med retur rundt Leikongvatnet. Her var bl.a.stor aktivitet med torvbruk fram til på 60-talet. Ein kan og fortsette til Grøtrøysa, der ein kan gå tilbake om Dalskarhornet.Mulighetene er mange og varierte (sjå oversiktsbilde). Uansett kvar du går har du utsyn i alle retningar. Til Kråkenes i sør og Sunnmøre i nord. Frå Mosekleivhornet går det stupbratt ned i Hoddevika, med panoramautsikt over sanden og bygda.Her på Hoddevikfjellet var det planar om å byggje eit av landet sine største vindmølleanlegg, men kraftige protestar stoppa planane. Turen vidare fylgjer ein kanten (eller brunene som vi seier). Her stuper fjellsidene rett i havet,og ein passerar ein sentral del av fuglefredingsområdet mellom Hoddevik og Ervik. Etter ei bratt nedstiging til Ervik, kan ein bestille ein god middag i det sjarmerande gamle eldhuset til Stadt Gardsmat, eller få mat levert i offisershytta på Hovden. Der er det berre himmel og hav, og blikket kan kvile på ein vakker solnedgang, studere båttrafikken på Stadthavet, eller oppleve dramatikken ein stormdag.
Photo

Fure - Hoddevik

Photo
Ytre Fure
Turen startar i det idylliske klyngetunet på Indre Fure. Det ligg rett mot syd, og her kjem våren tidlegare enn nokon annan stad, med bakkane dekte av kusymre. Dei seks som bur att i tunet, syter for at der og er eit overveldande blomsterflor frå tidleg vår til sein haust. Stien frå Indre til Ytre Fure går langs stranda, nokre stader høgt og luftig, andre stader langs fjøre og berg. På vegen passerar ein Kjøyla med eit moloanlegg, før ein endar opp på dei to gardane på Ytre Fure, som ligg staseleg, men dramatisk til mot storhavet. Dei vart fråflytta på 60-talet, men er godt vedlikehaldne, og mykje nytta i sommarhalvåret.
Ein kan og gå vidare over fjellet til Hoddevik. Turen går bratt opp frå gardane på Ytre Fure, dette er ørna og villgeitene sitt rike. Ved dei gamle steinfjøsane kan ein ta ein avstikkar ut i Torvdalen, der det vart brote opp torv. Den vart frakta ned med løypestreng, og brukt som brensel. Fortset ein opp på fjellet kan ein ta turen ut på Signalen, der det i eldre tider var vete( varsligssystem). Mellom Fure og Hoddevik ligg også Furestaven, ein sjøklippe der dei i eldre tider tok ut kleberstein. Det viser merke etter det enda.
Vidare går turen over fjellet og bratt ned Stovegåtta til Hoddevikja, som ligg vakkert og storslege til,flatt jordbruksland omkransa av bratte fjell, og med sanden og det opne havet utanfor. Her finn du eit av landet sine beste surfeplassar, i lag med Ervik. Mange har komt til Stadt og slått seg ned pga. surfing, og 3 har gjort levebrød av det og driv med overnatting og utleige av utstyr.I tillegg har nærbutikken blomstra som resultat av alle tilreisande frå heile verda. Den kilometerlange sandstranda og sandmelen (flygesandområde), er og eit eldorado når gradestokken stig og badelivet fristar. Det er og ein enkel campingplass ved sanden. Å vandre på sanden er og ein flott tur når vind og ver herjar, bygene kjem drivande i full fart inn frå havet, og lyset skiftar som ein profesjonell lysteknikar sto bak!
Photo
Indre Fure - Ytre Fure - Hoddevik

Dragseidet - Liset

Photo
Mikkelvatnet med Selja og Barmen.
Dragseidet er det lavaste eidet på Stadthalvøya. I eldre tider drog dei båtane over her, når det ikkje var forhold til å gå rundt det lunefulle Stadt. Her vart difor ein sentral plass og ei viktig ferdselsåre. I år 997 heldt Olav Tryggvason ting her, og ga folket valget mellom å la seg kristne eller slost. Her er reist ein kross til minne om det. Like ved er det laga eit vikingtun, der det vert framført eit historisk spel som omhandlar dette. Dragseidet var også knutepunktet for gamle kyrkjevegen til Selje, og det er denne vi følgjer her. Vi startar ved Kongshaugen, der Olav Tryggvason talte til folket, og går litt bratt opp til Nobba, og vidare på nordsida av Sjåstadvarden. Her er fin utsikt mot havet og øyane nordover mot Runde. Vidare til Geitahornet der ein har eit flott ytsyn sydover mot Selja, Kråkenes og Fure. Dei gamle kyrkjevegane kom frå mange kantar, så her er fleire ruter å velje mellom. Den mest spektakulære er å fylgje kantane (brunene)heile vegen inn mot Liset. Denne rolege idyllen var tidlegare ein meir folksam plass bl.a. pga. kyrkjevegen, så då var her skjenkestove. I dag kan du besøkje Galleri Amdam som ligg vakkert til med det same ein kjem ned frå fjellet, eller du kan fortsette inn til Selje hotel der du bl.a. kan få førsteklasses spabehandling. Kafe og kunstopplevingar finn du i den gamle ærverdige Doktorgarden.
Photo

Revjehornet - Storeneset

Photo
Revjehornet med Borgundvågen.
Revjehornet er ein havklippe som ligg på grensa til Sunnmøre, og er eit landemerke som er godt synleg når ein kjem reisande frå mange kantar. Turen startar i Borgund litt ut for Leikanger. Pga. ei naturleg hamn i ly for Stadthavet, har Borgundvågen og vore viktig i fleire samanhengar. Tidlegare når sjøen var hovedferdselsåra, var her handelsstad med stor aktivitet på Borgundholmen. Under krigen var heile vågen minelagt pga det store tyske fortet på Storeneset litt lenger ut. Så her og har dei si dramatiske historie frå krigen, og også frå forlis og ulykker på sjøen.
Vi vel ei rute midt mellom dei som er avmerka på kartet. Det er jamn oppstiging, og fint å gå når ein fylgjer stien. Siste delen av turen vert det brattare, men ein får til gjengjeld ei fantastisk utsikt. Mot Tungevåg som er eit viktig våtmarksreservat, vidare mot Storeneset der ein ser restane etter kanonstillingane frå krigen. Ut mot det endelause havet er det berre Svinøy fyr som møter auget, før ein vender blikket nordover med flott utsikt mot Sunnmøre heilt opp til Runde. Innover fjorden har ein Sunnmørsalpane som bakteppe. På toppen møter ein kanskje nokre eksemplar av den skjeldne og unike kystgeita.
Photo
Revjehornet

Vestkapp - (Kjerringa)

Photo
Frå Vestkapp (Kjerringa) mot Honningsvåg.
Vestkapp, eller Kjerringa som er det lokale namnet, er det vestlegaste fjellplatået i Norge og Nord Europa. Sjøvegen rundt Stadt og Kjerringa er rekna som eit av dei mest verharde havstykka i Norge. Det er berykta for sine farlege havstraumar og raskt skiftande ver. Mange båtar har endt si reise her.
Kjerringa reiser seg 496 meter rett opp av havet, og trygt på land har du eit fantastisk skue. Til Nordfjord med snøkledde fjelltoppar, storhavet, fjordar og øyer. Her kan du oppleve det meste av ver og vind. Frå blikkstillt hav og nydelege solnedgangar,til skodde,storm og frådande hav.
Photo

Berstaddalen og Høgehornet

Photo
Fin steinbru langs gamle pilgrimsvegen/ postvegen i Berstaddalen.
Photo

Tarvaldseggja

Photo
På veg mot Tarvaldseggja.
Photo
Fin tur frå Sandvikeidet

Selja

Photo
Selje kloster med Fure i bakgrunnen.
Photo
Logon